Om festivalen
Smôga Kammarmusikfestival vart etablert i 2007. Verksemda tok til då familien Habbestad kjøpte sitt ferieparadis, Smôga på Västra Näs i Årjängs kommun, Värmland i 2005, bygde eit hus som kunne nyttast til kammermusikkverksemd i 2006, og tok til med konsertar og festival året etter. Festivalen har deretter årleg vorte arrangert fyrste veka i juli. Opp gjennom åra har fleire tusen menneske vitja staden.
Klassisk musikk, samtidsmusikk, jazz og folkemusikk har vore dei prioriterte områda.Nesten like viktig som sjølve konsertane er ramma ikring. I Smôga blir folk kjende med kvarandre; publikum, utøvarar og arrangørar. Dei som ynskjer det, har med ei picnickorg — knyte— som ein nyt ute i dei naturfagre omgjevnadene, eller innomhus ved ulagleg vêr. Festivalbarnas kiosk vil óg vera open etter konsertane.

