Letting All Light Through

Musik vid vattnet

Konserter

Morovers 1. juli

Denne konserten presenterer ein suite over ein (heil) del av den norske forfattaren Andre Bjerkes (1918–1985) «Morovers» for born, ei barnebok med rim og regler, tøysevers og velklingjande ordleikar — ein hjørnestein i norsk barnelitteratur. Dikta er utforma med barnet sin eigen oppdagartrong i språkverda som føremål og førebilete. Suiten, som er ei urframføring, skriven av Kjell Habbestad (2026), set dikta opp i ei ny emnemessig rekkjefylgje, og belyser dei narrativt, vokalt og instrumentalt i vekslande besetningar. 14 blad i storfamilien Habbestad deltek med kvar sine distinkte oppgåver, solistisk, i ulike kammerkonstellasjonar og som tutti ensemble.

Illustrasjon: Rune Johan Andersson

Habbestad-ensemblet:

Inger Elisabeth Habbestad: resitasjon, Frida og Mattis Nordskar Brammer, Hanna Habbestad Kjelsås, kor, Ingrid Habbestad Grytten, trombone, Laura Nordskar Brammer, cello, Ida Habbestad, fløyte, Ingvild Habbestad og Sigrid Jakobsen Brænd, fiolin, Elias og Simon Habbestad Kjelsås, bratsj, Erlend Habbestad og Hanna Habbestad Kjelsås, cello, Mattis Nordskar Brammer, slagverk og Kjell Habbestad, piano og komposisjon.

Letting All Light Through 2. juli

Veslemøy Narvesen (1997-) har etablert seg som ein av dei mest aktive og interessante unge trommeslagarane på den norske jazzscena. I tillegg til er ho komponist og arrangør – sist gjennom eit samarbeid med Kringkastingsorkestret og dirigent Miho Hazama, med premiere hausten 2025. Med sitt første soloalbum We Don’t Imagine Anymore, gjeve ut på Jazzland Recordings i 2023, tek ho leiinga ved å følgje sine eigne kreative impulsar og fylla rollene som komponist, songar, produsent og multi-instrumentalist.

Veslemøy Narvesen, song, piano, slagverk

Smôga strykekvartett

Skimmer 3. juli

Møtet med lyden av nøkkelharpa er det få som går urørt frå. Den såre, ærlege songen frå instrumentet, understrengene sitt klangrom og klakkinga frå mekanikken blandar seg til ein lyd som tek snarvegen rett inn i hjartet og sjela. I fjor var duoen plateaktuell med Ingvilds komposisjonar på albumet «Blikstilt». På herverande konsert er det imidlertid mannen hennar, Trond Kjelsås, som framtrer med eigne komposisjonar frå albumet «Ny tid» som uttrykkjer vårt håp for framtida. For tida arbeider duoen med si tredje utgjeving, som vi òg får høyra nokre låtar frå.

Ingvild Habbestad, nyckelharpa

Trond Kjelsås, piano og harmonium

Gla’leken 4. juli

Svenske Emilia Amper på nyckelharpa og song møter i denne trioen Vegar Vårdal på fele og Frode Haltli på trekkspel. Dei har ei felles musikalsk interesse for folkemusikk frå grensetraktene Solør og Värmland, men de har og kjærleikssongar fra Småland, eigne og tradisjonelle låtar og viser både både frå Noreg og Sverige på repertoaret. Svenske Emilia Amper er ein av dei mest etterspurde folkemusikarane i Sverige. Den norske spelmannen Vegar Vårdal og akkordeonisten Frode Haltli har spela saman før. Då trioen møttest i 2022 oppstod total musikalsk kjemi! Ein krutsterk og virtuos trio!

Emilia Amper, nyckelharpa

Vegar Vårdal, feler

Frode Haltli, akkordeon

 

Souvenir 5. juli

Kvartett — sekstett — septett: Årets festival kulminerer med Smôgakvartettens framføring av ein strykekvartett frå repertoaret. Så: med innlån av Sigrid Jakobsen Brænd, fiolin, og Maria Staff, cello, framfører dei Tsjajkovskij sin sekstett Souvenir de Florence. Mannskapet er ytterlegare utvida med Hanna Habbestad Kjelsås, cello, i urframføringa av ein Scherzando for strykeseptett av Kjell Habbestad.

Ingvild Habbestad og Sigrid Jakobsen Brænd, fiolin

Elias og Simon Habbestad Kjelsås, bratsj

Erlend Habbestad, Maria Staff og Hanna Habbestad Kjelsås, cello

Om festivalen

Smôga Kammarmusikfestival vart etablert i 2007. Verksemda tok til då familien Habbestad kjøpte sitt ferieparadis, Smôga på Västra Näs i Årjängs kommun, Värmland i 2005, bygde eit hus som kunne nyttast til kammermusikkverksemd i 2006, og tok til med konsertar og festival året etter. Festivalen har deretter årleg vorte arrangert fyrste veka i juli. Opp gjennom åra har fleire tusen menneske vitja staden.

Klassisk musikk, samtidsmusikk, jazz og folkemusikk har vore dei prioriterte områda.
Nesten like viktig som sjølve konsertane er ramma ikring. I Smôga blir folk kjende med kvarandre; publikum, utøvarar og arrangørar. Dei som ynskjer det, har med ei picnickorg — knyte—  som ein nyt ute i dei naturfagre omgjevnadene, eller innomhus ved ulagleg vêr. Festivalbarnas kiosk vil óg vera open etter konsertane.

Årets festival

Årets festival er vigd dei gode verdiane: glede, fellesskap, varme, håp og humor. Me vil lyfta fram det humørfylte i musikken – det leikne, det lette, det som dansar, trøystar og smittar. For musikk er ikkje berre alvor; han er òg spøk, rytme, energi og livslyst. I ei verd som ofte kjennest tung, treng me songar som minner oss om alt som framleis er godt.

Gjennom konsertar og møte ønskjer me å skapa rom for latter, undring og nærleik. Me feirar vennskap, tillit, skaparglede og menneskeleg varme. Dette er ikkje ei flukt frå realiteten, men ei påminning om kva me vernar når me snakkar om fred: livsglede, samhald og det enkle underet i å vera saman og høyra musikk.

Velkomen til ein festival som vil lyfta humøret, opna hjartet og minna oss på at det finst mykje å ta vare på.

Föreningen Smôgas venner

«Smôga kammarmusikfestival ska framstå som en professionell musikalisk begivenhet som har förmåga att lyfta fram lokala och regionala krafter på hög nivå».

Föreningen Smôgas Vänner stiftades den 7 juni 2009, och är en ideell, fristående förening. Föreningens syfte är att stödja och stimulera konsertverksamhet i Smôga, i synnerhet Smôga Kammarmusikfestival. 

Medlemskap i för­eningen erhålls genom inbetalning av en årsavgift, för närvarande 300 kr pr person, 500 kr för familj.

Normalt biljettpris vid konserter på Smôga är idag 300 kronor, men som medlem kostar en konsert bara 200 kronor. Detta gäller inte bara under festivalen, utan också alla andra evenemang.

Hur blir man medlem i Föreningen Smôgas Vänner?

Svenska medlemmar:
1)     Skicka ett meddelande med e-post till
   torsten45@gmail.com
    med följande uppgifter:
    namn • adress • e-postadress • telefon
    antal medlemmar • inbetalad summa

2)    Sätt in 300/500 kr (eller valfri högre summa)
    till Föreningen Smôgas Vänner
    konto 639-0579.

Norske medlemer:
 1)     Send ein epost til:
    kjellhabbestad@me.com
    med følgjande opplysningar:
    namn • adresse • epostadresse • telefon
    antal medlemer • innbetalt sum

2)    Set in 300/500 kr (eller valfri høgare sum)
    til Föreningen Smôgas Vänner
    konto 9498.05.28272

Obs! Glöm inte att skriva avsändare!
Vi tackar på förhand för ditt stöd och hälsar dig välkommen till våra konserter!

Følg oss på sosiale medier!

Smôga - en egen stemning

Konsertgjengerne i smôga blir oppfordret til å ta med mat til et eget lite måltid etter konserten - et knytkalas.

Kontakt

Smôga Kammarmusikfestival

Kjell Habbestad

+47 926 31 350

kjellhabbestad@me.com

https://m.facebook.com/smogafestival/

Innkvartering

Hotel Årjäng
Vi har inngått avtale med Hotel Årjäng med spesialpris for våre gjester, kr. 990 pr. dobbeltrom (mot normalt kr. 1.590)  ved at du oppgjev at du er konsertpublikum i Smôga. NB! Ikkje gå via Booking.com eller anna nettbasert hotellbestilling, men ta direkte kontakt med hotellet for å oppnå prisfordelen!

Hotel Årjäng
http://www.hotelarjang.com

Tel: +46 (0) 573-130 59
Epost: service@hotelarjang.com

Adress: Claras Torg 1
672 31 Årjäng

Andre overnattingsalternativ er:

 Årjängs Camping & Stugor Sommarvik
http://www.sommarvik.se

Telefon: +46 (0)573 120 60
Epost: booking@sommarvik.se

Adress: Sommarvik Strand
672 91 Årjäng

Ekeby Camping, Breviken
http://ekebycamping.se

Telefon: +46(0)57331900
E-post: info@ekebycamping.se

Adress: Källtegen Ekeby
67292 Årjäng

KART — VEGVISAR TIL SMÔGA

Det finst ikke mange bilplassar i sjølve Smôga. Men — vi har fått opparbeidd ein parkeringsplass nokre hundre meter før. Ved skilt 9 i denne filmen ber me alle som er gangføre om å fylgja skiltet til parkeringsplassen, setja bilen der, og gå resten. Då får de òg oppleva kunsten som er utstilt langs vegen. Dersom du har noka form for handicap eller vanskar med å bevega deg så langt, har du dispensasjon til å køyra heilt fram. Hjarteleg velkomne!

Vegvisar til Smôga:

1a: Frå Oslo: 
    Avstand: 12 mil — ca. 2 timar
    E18: Oslo — Ski — Askim — Ørje — svenskegrensa — Töcksfors — Årjäng.
    Like før (vest om) Årjäng sentrum — ta av til høgre på veg 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1b: Frå Stockholm:
    E18: Stockholm — Örebro — Karlstad  — Årjäng.
    Passér avkøyring til Årjäng. Ta så av til høgre og følg bru over E18 til 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1c: Frå Bengtsfors:
    Veg 172 forbi Gustavsfors, Söpplanda, Ekeby camping, Slemtegen — til Lysed. 
    Ta til høgre mot Näs.

2: Følg deretter nedomståande kart over Näs og Smôga
    og konsertskilt som er sette opp i alle vegskilje.

ÅRJÄNGSKART

KART OVER NÄS

Dei nummererte felt markerer KONSERT-skilt

Smôgas posisjon:  59°20’22.7”N      12°08’01.4”E