IMG_0067.JPG
 
 
 

1.- 6. juli 2019

IMG_9081.JPG

Program

 

Måndag 1. juli kl. 18.00

Tango en Smoega

med Sverre Indris Joner, piano, Almir Meskovic, akkordeon, og Unionskvartetten (Sara Övinge og Ingvild Habbestad, fiolin, Lars Bryngelsson, bratsj og Erlend Habbestad, cello.) Sverre Indris Joner er ein pionér innan latinamerikansk musikk i Noreg og grunnleggjar av ei rekkje band: Tango for 3, La Descarga, Salzumba, Electro­cutango og Hovedøen Social Club. Almir Meskovic utøver eit stort repertoar i sjangrane barokk, samtids-, folke- og verdensmusikk. Han har gjeve utalige konsertar i ei rekkje europeiske land i tillegg til Bosnia og Herzegovina, Serbia og Kroatia og Noreg. 


Tysdag 2. juli kl 18.00

Venezianerne

Barokkensemblet Venezianerne (Ingeborg Christophersen, blokkfløyte, Ingvild Habbestad, fiolin, Jadran Duncumb, theorbe, Joakim Nordin, slagverk og Erlend Habbestad, cello) presenterer, saman med dramatikeren Terje Nordby, eit tidleg-musikkprogram med utgangspunkt i karnevalets Venezia. Terje Nordby var forfattar for Tram­teateret og har hatt norsk og internasjonal suksess som dramatikar. Hans interesse for mytar har resultert i ei rekkje radiosendingar med programmet "Mytekalenderen" på den norske P2-kanalen, som òg føreligg i bokform. 

 


Onsdag 3. juli kl 18.00

Smôgas eigne

Habbestad-ensemblet; Ida Habbestad, fløyte, Ingvild Habbestad, fiolin, Erlend Habbestad, cello, Kjell Habbestad, piano + Trond Kjelsås, piano, framfører musikk frå ‘amerika- repertoaret’, ei samling med norsk/nordisk musikk som ensemblet i perioden 1997-2006 framførte under åtte turnéar til USA (i åra før Smôga Kammarmusikfestival vart etablert). Vidare blir det musikk av Trond Kjelsås, m.a. Bach-invensjonar med improviserte mellomspel.

 


Torsdag 4. juli kl 18.00

John Pål Inderbergs trio

John Pål Inderberg – barytonsax, Håkon Mjåset Johansen – trommer og Trygve Waldemar Fiske – bass er neste stjerne­lag me kaprar ut i skogen. Desse tre sett sine klare spor i den norske jazzen. Med sans for eit musikalsk spontant uttrykk har John Pål Inderberg turnert i ei årrekkje og gledd publikum med leiken musikalitet og mykje humor. Med ein fot i Nidelven og ein i cooljazzen har han reindyrka ei sterk stemme som kombinerer det norske og det amerikanske på måtar vi ikkje har høyrt før. I trio med Håkon Mjåset Johansen og Trygve Waldemar Fiske reindyrkar dei gamle låtar, somme gonger med nye linjer, andre gonger med gamle vers, og ofte med alt på ein gong. Tre generasjonar musikarar i same leikegrind med forkjærleik for swing og lydhøyrt samspel. 


Fredag 5. juli kl 18.00

Maja Ratkje & co.

“Anyone who has seen or heard Ratkje perform live will know what a superb musician she is, and one who can genuinely be said to be extending the expressive range of the voice through technical and technological means. (The Wire 2006). Andre presserøyster hevdar endå at ho syner meir originalitet innan eit stykke enn mange komponstar gjennom eit langt liv. “Wenn Maja singt, schläft niemand.” (Bad Alchemy 2016). Med seg har ho Ingvild Habbestad på fiolin, Erlend Habbestad,cello og Trond Kjelsås, piano.


Laurdag 6. juli kl 18.00

Svartskog Spelemannslag

Me gjentek suksessen frå i fjor med Svartskog spelemannslag leia av Maja S. K. Ratkje (dette tiltaket syner noko av Maja sitt allsidige engasjement) og mannen, Frode Haltli, begge profilerte artistar/komponistar av internasjonalt format, men òg altså med sans for folkeleg musikk i lokalmiljøet. Sidan laget rekrutterer sju medlemer i storfamilien Habbestad er dei sjølvskrivne gjester, i år som i fjor; og har dermed allereide ein markant utanlandsprofil! 

 

_DSC0566.jpg

Medverkande

Sverre Indris Joner kvadrat.jpg

Sverre Indris Joner — piano

(f. 1963 i Oslo), komponist, musikar (piano og perkusjon) og skodespelar. Sverre er ein pionér innan latinamerikansk musikk i Noreg. Han er utdanna frå Universitetet i Oslo og Concervatorio Cervantez i Havanna, starta musikkarrieren i afro-reggae-bandet Destiny i 1979 og er grunnleggjar av ei rekkje band, som Tango for 3, La Descarga, Salzumba, Electrocutango og Hovedøen Social Club. Han har komponert og arrangert musikk til ei mengd filmar, teaterstykke og CD-innspelingar, og arrangert, komponert for og vore solist med m.a. BBC Symphony Orchestra, alle dei store norske orkestrera, Det Norske Kammerorkester, Dresden Symphonische Orchester, Munchner Rundfunk Orchester, Bremen KammerPhilharmonie, Komische Oper Berlin, Göteborg Symfoniker og Umeå Symfoni­orkester. I 2005 fikk han Edvard-prisen for Tanghost.

.

Almir kvadrat.jpg

Almir Meskovic, akkordeon

er i ferd med å etablera eit internasjonalt omdøme både som klassisk akkordeonist, og som ein allsidig og innovativ musikar. Han vart uteksaminert frå masterstudiet Master’s in Performance ved Noregs musikkhøgskule i 2014. Almir utøver eit stort repertoar i sjangrane barokk, samtids-, folke- og verdensmusikk. Han har gjeve meir enn 500 konsertar i ei rekkje europeiske land i tillegg til Bosnia og Herzegovina, Serbia og Kroatia og Noreg. I dag er Almir etablert som solist og kammermusikar, og samarbeider med mange musikarar og institusjonar. Hans prosjekt involverer m.a. andre Yaakov Rubinstein, Alejandro Drago, NRK, Telenor, Arc Music. Særleg kjend er han for sin tolkande stil og improvisasjonar over bosnisk folkemusikk.

Mari Bølgen Halvorsen.jpg

Mari Birgitte Bølgen Halvorsen, fiolin

er utdanna ved Norges musikkhøgskole. Ho har studert med m.a. Arve Tellefsen og Leon Spirer og er ein aktiv kammermusiker, til dømes i den prisbelønte horntrioen Ligetrio. Mari har vunne fleire konkurransar og spelt med Ung Symfoni i Bergen og Oslo Symfoniorkester. Ho er òg aktiv innan andre genrar som t.d. argentinsk tango.

Ingvild kvadrat.jpg

Ingvild Habbestad, fiolin

(f. 1983) fullførte sin mastergrad ved Norges musikkhøgskole våren 2008, etter studier med Peter Herresthal. Under studiet hadde ho stipendiatplass i Oslo-Filharmonien. Ho har òg orkesterdiplom frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, med stipendiatplass i Kungliga Filharmoniska Orkestern og Sveriges Radios Symfoniorkester. Hausten 2008 vart ho tilsett i Den Norske Opera & Balletts orkester. I 2010 vann ho prøvespel både i Kringkastingsorkesteret (KORK) og Oslo-Filharmonien og gjennomførte eit halvt år begge stader. Frå 2011 er ho å finna mellom 1.-fiolinistane i Kring­kastingsorkesteret.

Lars B kvadrat.jpg

Lars Bryngelsson, bratsj

f. 1984 i Hamar, Norge) vaks opp i Köla i Sverige. I femårsalderen tok han til å spela fiolin med pappa Lennart som lærar. Etter eit par år byrja Lars i Eda Musikskola og spela for Anna Persson og seinare også Yvonne Bergström. Etter gymnaset flytte Lars attende til Noreg for å ta si høgskuleutdanning. Der studerte han med Lars Anders Tomter. År 2007 tok han sin eksamen og heldt deretter fram med ein mastergrad med Terje Moe-Hansen og Tomter. I 2009 vart han fast tilsett i Den Norske Opera & Balletts Orkester. Lars har òg vore aktiv som frilansande musikar og har m.a jobba i Oslo-Filharmonien, KORK, Kungliga Filharmonikerna, Svenska Radions Symfoniorkester, Camerata Nordica m.fl.

Erlend kvadrat.jpg

Erlend Habbestad, cello.

(f. 1983) har ein mastergrad frå Norges musikkhøgskole etter studier med Aage Kvalbein og Truls Mørk. Han har òg studert i to år med Ola Karlsson ved Kungliga Musikhögskolen i Stockholm. Som frilansmusikar har Erlend spelt i Kringkastingsorkesteret, Det Norske Kammerorkester, Den Norske Opera & Balletts Orkester, Oslo Filharmoniske Orkester og andre. Frå januar 2014 er han tilsett i Den Norske Opera & Balletts Orkester. I perioden 2007-2012 var Erlend kunstnarleg leiar for Smôga Kammarmusikfestival.

Patrick a bit wilder.jpg

Patrick Wilder, kontrabass

(f. 1982) kjem frå ein musikalsk familie som flytta til Noreg i 1984. Etter å ha spelt cello frå 6-årsalderen gjekk han over til kontrabass i tenåra, og tok til slutt ein utøvande bachelor ved Norges musikkhøgskole under Knut Guettler og Dan Styffe. Han har vore tilsett som alternerande solokontrabassist i Den Norske Opera og Balletts orkester sidan 2008 og vikarierer óg jamnleg i dei fleste orkester i Noreg samt Göteborgs symfonikarar og radioorkestera i Berlin. Han er òg ofte instruktør for Ungdomssymfonikerne og Norsk Ungdomssymfoniorkester (NUSO). Patrick er òg ein flittig kammermusikar og fast medlem av Oslo Fat String Quartet. (Foto: Vilde Alette Monrad-Krohn).

Ingeborg : Nadia Frantsen LR.jpg

Ingeborg Christophersen, blokkfløyte,

(f. 1985) tok master i blokkfløyte tidlegmusikk ved Syddansk Musikkonservatorium i 2008. I 2010 avslutta ho fire års studier på Conservatorium van Amsterdam hjå Paul Leenhouts, og i 2011 fullførte ho sin mastergrad i cembalo ved Syddansk Musikk­konserva­torium. I 2003 mottok ho Norsk Tonekunstnersamfunds ærespris "Årets Musiker". Hausten 2013 var ho nominert til Statoils stipend. Ingeborg har vore solist med ei rekkje barokkorkester samt Operaorkesteret, Ukrainas nasjonale symfoniorkester og Kring­kastings­orkestret. Ho har prosjekt i samarbeid med Rikskonsertene både i Norge og Bangladesh. I 2006 deltok ho i Kjempesjansen på NRK1, og i 2009 både som musiker og skodespelar i forestillinga ”Salong” på Nationaltheatret. Det same året vann ho òg ­konkurransen Toneprisen.

Jadran kvadrat.jpg

Jadran Duncumb, theorbe,

er av engelsk og kroatisk opphav, men vaks opp nær Oslo. Han nådde finalen i “BBC Young Musician of the Year” som gitarist og starta studia ved Royal College of Music under Gary Ryan, men vende seg snart mot theorbe og continuo-spel, samt luttleksjonar med Jakob Lindberg. Etter fullførte gitarstudier bar det til Staatliche Hochschule für Musik i Trossingen med Rolf Lislevand. Han vart uteksaminert som Masters in lute and baroque guitar with distinction i 2015, men heldt fram til ny master i basso continuo. I 2015 vann han òg 1. pris ved “Maurizio Pratola” luttkonkurranse in L’Aquila, Italia. Endå Jadran framleis elskar klassisk gitar, fokuserer han no meir på solo repertoar for barokklutt og -gitar så vel som kammermusikk.

Joakim kvadrat.jpg

Joakim Nordin, slagverk

(f. 1967) avla kandidateksamen ved Norges musikkhøgskole i 1990. Etter å ha vore frilansmusikar med oppdrag i samtlege norske symfoniorkester vart han i 1991 tilsett som soloslagverkar i Kring­kastingsorkestret. Våren 1998 var han solist med orkestret. I tillegg til arbeidet som orkestermusikar har Nordin lang erfaring som tromme­slagar og perkusjonist. Vinteren 1995 hadde han eit lengre studie­opphald i Los Angeles. Våren 2013 var han solist og musiker under eige namn i ein kammerkonsert i NRKs regi, med m.a. Håvard Gimse og Bjørn Rabben som medmusikarar.

Terje Nordby 2.jpeg

Terje Nordby

er kjend som dramatikar, forfattar og mytolog. Hans store interesse for mytar har resultert i ei lang rekkje radiosendingar av programmet "Myte­kalenderen" på P2 og bøkene med same namn. I fleire år arbeidde han som forfattar for Tramteateret, og på 90-talet som dramatikar for scene, radio og fjernsyn innan- og utanlands. Ti sceniske stykke føreligg i bokform, m.a. Isblomst, som han fikk Ibsenprisen for i 1995 og Come Back, Liza som vann ein internasjonal radioteaterpris. Han har òg skrive revy og satire m.a. til Nikkerne og Hallo i uken. Han føredreg og underviser om myter og klassisk litteratur gjerne i musikalsk samanheng, og er sjølv musikar (gitarist) og låtskrivar. Han har m.a. skrive tekstane til Anita Skorgans album "La høsten være som den er" (2013).

Ida kvadrat.jpg

Ida Habbestad, fløyte

(f. 1980) er utdanna fløytist, med mastergrad i nyare musikkhistorie frå Norges musikkhøgskole, og har deretter vore journalist i Ballade, kritikar i Dagsavisen og Aftenposten, var inntil nyleg redaktør for Ballade og styreleiar i Norsk kritikerlag. Ho er no dagleg leiar for Norsk Komponistforening. Ida har hjarta sitt i arbeidet for å sikra og byggja grunnlag for mangfaldet av kunstnarlege ytringsformer. Ho er mykje nytta som ordstyrar for debattar og fagsamtalar om musikk og kulturpolitikk. Saman med Hild Borchgrevink har ho utvikla eit kurs i å skriva og vurdera levande kunstuttrykk. Kurset vert halde i ei rekkje ungdoms- og vidaregåande skular samt på universitetsnivå. Saman med Borchgrevink er ho leiar for elevjuryen i Den Kulturelle Skolesekken i Oslo. For øvrig har Ida erfaring frå aktiv konsert- og turnéverksemd i inn- og utland, samt produksjonserfaring frå Ultima-festivalen og De Unges Orkesterforbund. (Foto: Renate Madsen)

Kjell kvadrat.jpg

Kjell Habbestad, piano

f. 1955, Bremnes på Bømlo, er professor i teori og komposisjon ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Han har si utdanning i kyrkjemusikk og komposisjon (1975-81) frå same institusjon. Verklista tel 98 opus, og inkluderer orkesterverk og dramatiske verk (operaer, oratorier), kammerverk for ulike besetningar, verk for orgel og piano og ei mengd korverk. Av større arbeid kan nemnast Mostraspelet, som i perioden 1984-2016 årleg vart framført i Moster amfi, oratoriet Ei natt på jorda (1983), operaene Hans Egedes natt (1995), The Maid of Norway (2000) og Nenia (2014) alle med tekstar av Paal-Helge Haugen, oratoriet Adam og Eva (2008), tekst frå Wergelands Skapelsen, Mennesket og Messias, samt operaen Karlstad 1905 — Et Blad i Civilisationens Historie (2005/16), og musikalen Greven av Monte Cristo (2011), begge med eigne libretti. Vart nominert til Spelemannsprisen i 2018 med CD’en Et nox in diem versa med Latvia Radiokor.

Trond kvadrat.jpg

Trond Kjelsås, piano

(f. 1982) er bachelor frå Norges musikkhøgskole med jazzpiano som hovudinstrument. Han har òg ein mastergrad i musikkteknologi frå same stad. Kjelsås er lærar i jazzpiano, hovudinstrument laptop, komposisjon og musikkteori ved Oslo by Steinerskole, men har òg undervist i satslære, komposisjons- og jazzpianodidaktikk ved musikkhøgskulen.Han er elles ein dedikert lys- og lydmann med oppdrag forulike teater og institusjonar. Som musikar har han samarbeidd med profilerte artistar som Tine Thing Helseth, Frank Brodahl, Eckhard Bauer, Børre Dalhaug og Håvard Bakke. I ein periode konserterte han òg med den norske gruppa The Pussycats. (Foto: ØB).

John_Pål_Inderberg_Oslo_Jazzfestival_Herr_Nilsen_(210809).jpg

John Pål Inderberg – barytonsaksofon

(f. 1950) er ein norsk baryton- og sopransaksofonist og professor ved Jazzlinja, Institutt for musikk (NTNU) Han spelar i duoprosjekt med kollega Bjørn Alterhaug, i Subtrio med Svein Folkvord og Stein Inge Brækhus, samt Trondheim Jazzorkester. Han har vore samarbeidspartnar med komponisten og organisten Henning Sommerro i over 20 år. Andre medmusikantar har vore Jim Hall, Chet Baker, Lee Konitz, Bob Brookmeyer, Gil Evans og det skandinaviske jazzensemble, Chick Corea, og EBUs storband. Tidlegare gav han ut plate med New Cool Quartet og Siri Gellein. Han er mellom andre inspirert av Warne Marsh og Lars Gullin. Inderberg medverkar på ei rekkje plateinnspelingar.

Håkon-Mjåset-Johansen.jpg

Håkon Mjåset Johansen – trommer

(f. 1975 i Trondheim) er ein norsk jazzmusiker kjend frå fleire utgjevingar. Han fullførte studiene ved Jazzlina NTNU i Trondheim i 1995 og vart først kjend som medlem av trioen Urban Connection, kåra til «Årets unge jazzmusikarar» i 1998. Samstundes var han med og grunnla bandet Motif, spelte i Come Shine og i Trondheim Jazz Orchestra, m.a. med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Han har òg spelt i ei rekkje andre norske band, samt med Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, Knut Riisnæs, Silje Nergaard, John Pål Inderberg, Bjørn Alterhaug, Nils Petter Molvær, Egil Kapstad, m.fl. I 2008 vart han utpeikt som den første NTNU-jazzambassadør, ein tittel som årleg seinare har vorte vert tildelt ein jazzartist eller -gruppe. I 2013 vant han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival. Håkon er òg ridder av Polyhymnia.

Trygve kvadrat.jpg

Trygve Waldemar Fiske, kontrabass,

(f. 1987) er komponist og jazzmusikar kjend frå fleire norske jazzensemble og plateutgjevingar. Han er utdanna på jazzlinja ved Trondheim musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole. Han spelar med Heidi Skjerve Quartet på Vegen Åt Deg (2012) og Hanna Paulsberg Concept Waltz For Lilli (2012). Etter å ha motteke Shells jazzstipend i 2013, initierte Fiske sin eigen kvartett Waldemar 4. Dei har spela på mange norske jazzfestivalar som Moldejazz og Kongsberg Jazzfestival, og gav ut det sjølvtitulerte debutalbumet i 2015.

Maja.png

Maja S. K. Ratkje

(f. 1973 i Trondheim) har blitt framført av Ensemble Intercontemporain, Klangforum Wien, Fretwork, BBC Scottish Symphony Orchestra, Red Note Ensemble, Avanti! kammerorkester, Arve Tellefsen, Spunk, Poing, samt dei aller fleste norske orkester og sinfoniettaer. Ho har blitt framført over heile Europa, Canada og USA samt vore festivalkomponist ved Trondheim Kammermusikkfestival, Nordland Musikkfestuke, Avanti! Summer Festival i Finland og i Huddersfield. Ho har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland; m.a. Arne Nordheims komponistpris, Edvardprisen (to gonger), UNESCOs Rostrumpris samt Award of Distinction for soloplata Voice i 2003. Ein 90 minutt lang tysk dokumentarfilm av IJ Biermann kom 2015: Voice – sculpting sound with Maja S. K. Ratkje. I 2017 vart ho teken opp som medlem i Akademie der Künste, Berlin. Maja er òg kjend som utøvar, først og fremst av eigne verk, og som improvisasjonsmusiker m.a. i gruppa Spunk. I 2013 var ho nominert til Nordisk Råds musikkpris for sin stemmebruk, same år fikk ho Rolf Gammleng-prisen for deltaking på over 100 plateutgjevingar. Ratkje har òg gitt ut bok på Aschehoug: Eksperimentell kvinneglam. Ho engasjerer seg aktivt i miljøkampen bl.a. gjennom aksjonsgruppa Stopp olje­sponsing av norsk kulturliv.

Frode kvadrat.jpg

Frode Haltli, akkordeon

(f. 1975) studerte akkordeon ved Norges musikkhøgskole og Det Kgl. danske musikkonservatorium, der han avslutta solistklassen i 2000. Under Festspela i Bergen 2000 vart han kåra til Rikskonsertenes ‘Årets unge solist 2001’. Debut-CD’en Looking on Darkness (ECM) mottok Spellemannprisen 2002 i klassen for samtidsmusikk. I 2007 kom Passing Images (ECM) med Haltlis re-komposisjonar av og improvisasjoner over norsk folkemusikk. Frode har spelt på festivalar og konsertar i Europa, Russland, Amerika og Asia og vore solist med ei rekkje orkester over heile verda. Her heime har han spelt mykje i radio og på TV, fleire CD’ar og opptredd kring i nesten heile Noreg og på dei store musikkfestivalane. I tillegg til i POING spelar Frode òg med Trygve Seim (ECM) og norsk folkemusikk med musikarar som Gjermund Larsen, Vegar Vårdal og Unni Løvlid. Frode underviser i akkordeon ved Norges musikkhøgskole.

_DSC0409.jpg

Om festivalen

Smôga Kammarmusikfestival vart etablert i 2007. Verksemda tok til då familien Habbestad kjøpte sitt ferieparadis, Smôga på Västra Näs i Årjängs kommun, Värmland i 2005, bygde eit hus som kunne nyttast til kammermusikkverksemd i 2006, og tok til med konsertar og festival året etter. Festivalen har deretter årleg vorte arrangert ei veke i juli, med sporadiske enkeltkonsertar i tidsrommet mai-august. Opp gjennom åra har fleire tusen menneske vitja staden. 
    Klassisk musikk, samtidsmusikk, jazz og folkemusikk har vore dei prioriterte område.
    Nesten like viktig som sjølve konsertane er ramma ikring. I Smôga blir folk kjende med kvarandre; publikum, utøvarar og arrangørar. Dei som ynskjer det, har med mat til ein felles buffé — knytkalas—  som ein deler ute i dei naturfagre omgjevnadene, eller innomhus ved ulagleg vêr. 

 

Samarbeidspartnarar

Kyrkeruds Folkhögskola
Frå og med 2017 har vi etablert eit samarbeid med vår granne, Kyrkerud Folkhôgskola. Folkehøgskulen har ein lang tradisjon for sommarkursverksemd for dei som vil prøva eller fordjupa sin kunnskap innan eit estetisk område. Det vert tilbode kurs i måleri, grafikk, keramikk, tekstil, foto, skulptur med meire. Kursdeltakarane er velkomne under spesielle vilkår på festivalen. 

http://www.regionvarmland.se/folkhogskolor/kyrkeruds-folkhogskola/vara-utbildningar/sommarkurser/

Festivalkunstnarar

I år har vi ikkje mindre enn ti festivalkunstnarar som stiller ut langs skogsvegen og i sjølve Smôga. Kunstnarane er alle elevar ved Kyrkeruds folkhögskola. Her presenterer dei seg sjølve, i alfabetisk rekkefølgje: 

Henrietta Ahlenius.jpg

Henrietta Ahlenius

Jag bor i Borgvik, Värmland, har konstutbildning från Kyrkeruds folkhögskola samt är arkitekt SAR/MSA. Som huset kan ha sin själ att varsamt och personligt bygga vidare på, så vill jag använda det ärvda. Någons nedtecknade berättelse blir till form och färg. Kreativt och gränsöverskridande skapande i min egen tolkning. tlf: +46(0)706-741 348, epost: borgviksform@telia.com

Ringvor.jpg

Ringvor Hägglöf

Arbetar med keramik, ett spännande material med många uttryck. Boningar och människor är mina inspirationskällor. Och i år har jag testat betong. tlf: +46(0)70-518 90 73, epost: ringvor.h.h@gmal.com

Pontus Karlsen.png

Pontus Karlsson

Jag är född och uppvuxen i Årjäng och arbetar främst skulpturalt. Inspirationen till mina verk är ofta känslor, tankar, idéer eller reflektioner om både mig själv och världen omkring mig som jag annars har svårt att uttrycka i ord. tlf: +46(0)76-833 96 57, epost: pontusk88@gmail.com Instagram: pontus.karlsson.art

Viola%2BNerstrand.jpg

Viola Nerstrand

Jag kommer från Bengtsfors och jag jobbar primärt med keramik. Jag jobbar även med andra skulpturala material och jag ritar med markers nästan varje dag. Jag älskar katter så jag gör ofta katt-skulpturer med olika uttryck och form. Epost: aloiv007@gmail.com

Lisa Lundgren.jpg

Lisa Lundgren

Jag kommer ifrån Mölndal och arbetar mest skulpturellt i keramik. Min inspiration brukar komma ifrån mina gamla teckningar och figurer som jag ritat när jag var yngre. Det är något speciellt med att se mina gamla barndomsfigurer komma till liv igen. tlf +46(0)766477197, epost: nina.lisa@hotmail.com

Linnea Redin.jpg

Linnea Redin

Jag kommer från Säffle och har alltid älskat att jobba kreativt. Jag jobbar nästa uteslutande textilt då mitt största intresse är sömnad och jag har skapat många unika maskeradkläder då jag har hållit på med en hobby som heter Cosplay i många år. tlf: +46(0)70 6155917, epost: redinlinnea@gmail.com Instagram: evilbunny_art_and_cosplay

Stina+St%C3%A5hl.jpg

Stina Ståhl

Jag bor på Skaftö, Lysekil. Lusten är min drivkraft och den uttrycker jag ofta skulpturalt framför allt i lera. Ord som inspirerar är rörelse, känsla och förgänglighet. tlf: +46(0)707-17 32 12, epost: stina.stahl@gmail.com

Pia%2BVoutilainen.jpg

Pia Voutilainen

Ursprungligen från Finspång, föredrar handfasta material såsom keramik, gips och betong. Jag vill göra världen lite roligare och lite vackrare. tlf: +46(0)738-13 83 54, epost: pia.voutilainen77@gmail.com Instagram: pianinakatarina.

Anna Wahlström.jpg

Anna Wahlström

Född och uppvuxen utanför Årjäng där jag arbetat med keramik sen barnsben. Jag arbetar för det mesta med abstrakta skulpturer med olika materialval i kombination med varann. Med hjälp av mellanrummen i mina verk ger jag plats åt miljön att vara en del av konstverket. tlf: +46(0)702168334, epost: annawahlstromopseth@hotmail.com Instagram: annawahlsstrom

Kristina Skar Westerlind.jpg

Kristina Skar Westerlind

Jag är bosatt i Säffle och varit 2 år på Kyrkeruds folkhögskola efter pension. Jag tycker om att arbeta med de flesta tekniker. tlf: +46(0)730609208, epost: skawe@telia.com

 
 

Eit døger i Årjäng?

Konsertane i Smôga finn for det meste stad på kveldstid (kl. 18). Kva om ein ville ha med seg fleire konsertar; finst det noko å fylla tida med i Årjäng Svaret er JA. Årjängs kommun har litt av kvart å by på — ein 18-hols golfbane, padling, vandreturar, (t.d. skulpturparken langs vegen frå Årjäng til Kyrkerud) http://www.kulturturista.com/skulpturpark-kyrkerud-arjang/  sykkel, dressin-tur mellom Årjäng och Bengtsfors, rideturar, fiske, overlevingskurs, fjellklatring, rappellering, symjehall, sporthall, Trollet i Årjäng, Dalslands Kanal, ei rekkje vakre kyrkjer og hembygdsgårdar, Travbanen med Nordiska Travmuseet, Långelanda Tingshus, Blomskog med sogespelet Amerikabrevet (i juli), slusene i Töcksfors, Lennartsfors og Gustavsfors osb. Jo — det skulle vera nok å ta seg til. Ta turen til vakre Värmland!
https://www.visitarjang.se/sv

 

 

Innkvartering/boende

Hotel Årjäng
Vi har inngått avtale med Hotel Årjäng med spesialpris for våre gjester, kr. 990 pr. dobbeltrom (mot normalt kr. 1.590)  ved at du oppgjev at du er konsertpublikum i Smôga. NB! Ta direkte kontakt med hotellet for å oppnå prisfordelen! Ikkje gå via Booking.com eller anna nettbasert hotellbestilling.

Hotel Årjäng
http://www.hotelarjang.com

Tel: +46 (0) 573-130 59
Epost: service@hotelarjang.com

Adress: Claras Torg 1
672 31 Årjäng

hotel arjang logo slogan.png

Andre overnattingsalternativ er:

 Årjängs Camping & Stugor Sommarvik
http://www.sommarvik.se

Telefon: +46 (0)573 120 60
Epost: booking@sommarvik.se

Adress: Sommarvik Strand
672 91 Årjäng

 

Ekeby Camping, Breviken
http://ekebycamping.se

Telefon: +46(0)57331900
E-post: info@ekebycamping.se

Adress: Källtegen Ekeby
67292 Årjäng

 

 

Sponsorar

RegV_silverblack_200x80 (1).jpg
Skjermbilde 2018-05-05 kl. 19.23.42.png
_DSC0246.jpg

Föreningen Smôgas vänner

«Smôga kammarmusikfestival ska framstå som en professionell musikalisk begivenhet som har förmåga att lyfta fram lokala och regionala krafter på hög nivå».
 

Föreningen Smôgas Vänner stiftades den 7 juni 2009, och är en ideell, fristående förening. Föreningens syfte är att stödja och stimulera konsertverksamhet i Smôga, i synnerhet Smôga Kammarmusikfestival. 
    
Medlemskap i för­eningen erhålls genom inbetalning av en årsavgift, för närvarande 250 kr pr person, 400 kr för familj.

Normalt biljettpris vid konserter på Smôga är idag 200 kronor, men som medlem kostar en konsert bara 100 kronor. Detta gäller inte bara under festivalen, utan också alla andra evenemang.

Hur blir man medlem i Föreningen Smôgas Vänner?

Svenska medlemmar:
1)     Skicka ett meddelande med e-post till
    gote.pers@telia.com
    med följande uppgifter:
    namn • adress • e-postadress • telefon
    • antal medlemmar • inbetalad summa

2)    Sätt in 250/400 kr (eller valfri högre summa)
    till Föreningen Smôgas Vänner
    konto 639-0579.

Norske medlemer:
 1)     Send ein epost til:
    kjellhabbestad@me.com
    med følgjande opplysningar:
    namn • adresse • epostadresse • telefon
    antal medlemer • innbetalt sum

2)    Set in 250/400 kr (eller valfri høgare sum)
    til Föreningen Smôgas Vänner
    konto 9498.05.28272

Obs! Glöm inte att skriva avsändare!
Vi tackar på förhand för ditt stöd och hälsar dig välkommen till våra konserter!

 

Skilt-kopi.jpg
 

KART — VEGVISAR TIL SMÔGA

 

Vegvisar til Smôga:

1a: Frå Oslo: 
    Avstand: 12 mil — ca. 2 timar
    E18: Oslo — Ski — Askim — Ørje — svenskegrensa — Töcksfors — Årjäng.
    Like før (vest om) Årjäng sentrum — ta av til høgre på veg 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1b: Frå Stockholm:
    E18: Stockholm — Örebro — Karlstad  — Årjäng.
    Passér avkøyring til Årjäng. Ta så av til høgre og følg bru over E18 til 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1c: Frå Bengtsfors:
    Veg 172 forbi Gustavsfors, Söpplanda, Ekeby camping, Slemtegen — til Lysed. 
    Ta til høgre mot Näs.

2: Følg deretter nedomståande kart over Näs og Smôga
    og konsertskilt som er sette opp i alle vegskilje.

 

ÅRJÄNGSKART

 

 
 
 

KART OVER NÄS

Dei nummererte felt markerer KONSERT-skilt

Smôgas posisjon:  59°20’22.7”N      12°08’01.4”E

20110726-_DSC3908.jpg
 
 

Kontakt

Smôga Kammarmusikfestival

Kjell Habbestad

+47 926 31 350

kjellhabbestad@me.com

https://m.facebook.com/smogafestival/

Galleri