IMG_9081.JPG

Billettar

Normal pris: kr. 250. Medlemspris: kr. 150.

Korleis bli medlem? Sjekk Föreningen Smôgas Vänner lenger nede på sida.

Det er ikkje førehandssal. Dersom du vil sikra deg billett,

skriv til kjellhabbestad@me.com, så reserverer vi!

 

Program

 

Foto: Niklas Berglund, Jørn Pedersen og Trond Kjelsås

Ballader & kvæde, måndag 1 juli kl 18

Den norske kvedaren Kim Rysstad er attende i Smôga! Denne gongen med det norske nasjonaleposet, Draumkvedet, til tonefylgje av Ingvild Habbestad på to nyckelharpar (alt og tenor) og Ingeborg Christophersen på blokkfløyter og harmonium (‘tramporgel’). Det er Ingvild som har komponert den musikalske omgjevnaden til kvedet. Som innleiing til konserten vert det ei urframføring av verket ‘I lofte’ søve’ mi jomfru’ (Kjell Habbestad), der den yngste generasjon Habbestad, sju barneborn spelar og syng tre mellomalderballadar.

Kim Rysstad — kveding, Ingeborg Christophersen — blokkfløyter og harmonium, Ingvild Habbestad — nyckelharpar, Habbestad juniorensemble

Foto: Sveinung Bjelland og Nancy Bundt

Lieder & romansar, tysdag 2 juli kl 18

Mari Eriksmoen er ein lyrisk operasopran i verdensklasse. Det store gjennombrotet kom då ho på kort varsel overtok rolla som Zerbinetta i Strauss’ Ariadne auf Naxos i Wien.

Etter det har ho sunge i Wien ei rekkje gonger, og hatt store rollar ved dei fleste store europeiske operahus, inklusiv Teatro alla Scala. Ho har òg sunge ved Den Norske Opera & Ballett, og med ei rekkje av dei beste europeiske orkester. Med seg har ho den eminente pianisten og akkompagnatøren, Line Felberg Braaten.

Mari Eriksmoen — sopran, Lina Felberg Braaten — piano


Foto: Morten Krogvold

Bluesasylet, onsdag 3 juli kl 18

Knut Reiersrud er bluesgitarist og komponist, m.a. kjend frå NRKs ‘Bluesasylet’, med ei rekkje musikksjangrar og mange plateutgjevingar. Han har vunne tre Spellemannsprisar, og vore nominert 11 gonger. Han har hatt samarbeid med internasjonale artistar som Buddy Guy og Otis Rush, ei rekkje norske artistar, og medverka på albumet ‘Lullabies From The Axis Of Evil.’ Han har òg arrangert mengder av norsk folkemusikk. Eit særleg kjenneteikn for Reiersrud er at han spelar el-gitar uten plekter.

Knut Reiersrud — gitarar

Foto: Fredrik Arff

Nordic Voices, torsdag 4 juli kl 18

Nordic Voices er ein norsk vokalsekstett. Repertoaret spenner frå gregoriansk song til samtidsmusikk. I tillegg til konsertar i Norge, har koret turnert og opptredd i ei rekkje europeiske land, samt, USA, Taiwan, Japan, Sør-Afrika. Nordic Voices fikk Fartein Valen-prisen i 2008 og Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk og har gjeve ut ei rekkje plater med musikk frå 1500-tallet til The Bee Madrigals (2017) (Bjørn Bolstad Skjelbred) der temaet er biedøden. Dei framfører og underteikna sitt verk «Eolsharpa.»

Tone E. Braaten — sopran, Ingrid Hanken — sopran, Ebba Rydh — mezzosopran, Per Kristian Amundrød — tenor, Frank Havrøy —baryton, Rolf Magne Asser — bass

 

Foto: Antonio Armentano

Trygve Seim, Rumisongs fredag 5 juli kl 18

Trygve Seim (sopran- og tenorsaksofon) er ei av dei mest særprega ‘stemmene’ i europeisk jazz, med ein inntakande vakker klang i instrumenta sine. Uttrykket er inspirert av sufi-musikk og lyriske jazztradisjonar, i ein svært personlig blanding. Trygve har en stor produksjon bak seg, med epokegjerande innspelingar.

«Rumi Songs» er ein syklus komponert av musikaren og komponisten Trygve Seim. Verket baserer seg på tekstar av den persiske poeten Jalal al-Din Rumi (1207–1273) i Coleman Barks sine attdiktingar.

Seim utvikla Rumi Songs over fleire år, og har mange inspirasjonskjelder utover Rumi sine vakre dikt. Songsyklusen ber preg av Seim si sjangeroverskridande og eklektiske tilnærming til musikk, med inspirasjon og musikalske element frå både europeisk og amerikansk musikk, såvel som den orientalske musikken — som Seim gjennom mange reiser til den arabiske verda har fordjupa seg i. Han har òg opphalde seg i den tyrkiske byen Konya, der Rumi budde i mesteparten av livet sitt. 

Trygve Seim — saksofonar, med fleire (TBA)

Foto: Frank Kvinge

Svartskog spelemanslag, Laurdag 6  juli kl 18

Svartskog spelemannslag har vore aktivt sidan 2015, med stadig dyktigare mannskap i alderen 7-60 år. Laget er leia av Maja S. K. Ratkje og  Frode Haltli, begge profilerte artistar/komponistar av internasjonalt format, men òg med sans for folkeleg musikk i lokal­miljøet. Sidan laget rekrutterer sju medlemer i storfamilien Habbestad er dei sjølvskrivne gjester, i år som i tidlegare år; og har dermed alle­reide ein markant utanlandsprofil.

Tora Ferner Lange, fløyte/piccolo, Mariken Hongslo Alnæs, klarinett, Astrid Løvåsen Alnæs, Elias Habbestad Kjelsås, Frida Helene Haltli, Ingeborg Alnæs Løvåsen, Ingrid Kalstad-Sjødalstrand, Ingvild Habbestad, Maja Solveig Kjelstrup Ratkje, Marte Ingeborg Haltli, Simon Habbestad Kjelsås og Trond Kjelsås, fiolin, Hanna Habbestad Kjelsås, cello, Frode Haltli og Halvor Alnæs Løvåsen, trekkspel, Sigmund Løvåsen, bass, m.fl.

_DSC0246.jpg

Föreningen Smôgas vänner

«Smôga kammarmusikfestival ska framstå som en professionell musikalisk begivenhet som har förmåga att lyfta fram lokala och regionala krafter på hög nivå».
 

Föreningen Smôgas Vänner stiftades den 7 juni 2009, och är en ideell, fristående förening. Föreningens syfte är att stödja och stimulera konsertverksamhet i Smôga, i synnerhet Smôga Kammarmusikfestival. 
    
Medlemskap i för­eningen erhålls genom inbetalning av en årsavgift, för närvarande 250 kr pr person, 400 kr för familj.

Normalt biljettpris vid konserter på Smôga är idag 250 kronor, men som medlem kostar en konsert bara 150 kronor. Detta gäller inte bara under festivalen, utan också alla andra evenemang.

Hur blir man medlem i Föreningen Smôgas Vänner?

Svenska medlemmar:
1)     Skicka ett meddelande med e-post till
    gote.pers@telia.com
    med följande uppgifter:
    namn • adress • e-postadress • telefon
    • antal medlemmar • inbetalad summa

2)    Sätt in 250/400 kr (eller valfri högre summa)
    till Föreningen Smôgas Vänner
    konto 639-0579.

Norske medlemer:
 1)     Send ein epost til:
    kjellhabbestad@me.com
    med følgjande opplysningar:
    namn • adresse • epostadresse • telefon
    antal medlemer • innbetalt sum

2)    Set in 250/400 kr (eller valfri høgare sum)
    til Föreningen Smôgas Vänner
    konto 9498.05.28272

Obs! Glöm inte att skriva avsändare!
Vi tackar på förhand för ditt stöd och hälsar dig välkommen till våra konserter!

 

20110726-_DSC3908.jpg
 
 

Kontakt

Smôga Kammarmusikfestival

Kjell Habbestad

+47 926 31 350

kjellhabbestad@me.com

https://m.facebook.com/smogafestival/

Innkvartering

Innkvartering/boende

Hotel Årjäng
Vi har inngått avtale med Hotel Årjäng med spesialpris for våre gjester, kr. 990 pr. dobbeltrom (mot normalt kr. 1.590)  ved at du oppgjev at du er konsertpublikum i Smôga. NB! Ikkje gå via Booking.com eller anna nettbasert hotellbestilling, men ta direkte kontakt med hotellet for å oppnå prisfordelen!

Hotel Årjäng
http://www.hotelarjang.com

Tel: +46 (0) 573-130 59
Epost: service@hotelarjang.com

Adress: Claras Torg 1
672 31 Årjäng

Andre overnattingsalternativ er:

 Årjängs Camping & Stugor Sommarvik
http://www.sommarvik.se

Telefon: +46 (0)573 120 60
Epost: booking@sommarvik.se

Adress: Sommarvik Strand
672 91 Årjäng

Ekeby Camping, Breviken
http://ekebycamping.se

Telefon: +46(0)57331900
E-post: info@ekebycamping.se

Adress: Källtegen Ekeby
67292 Årjäng

Knyte

Eit av Smôgafestivalens varemerker er ‘Knytet’ etter konsertane. Tidlegare har dette blitt arrangert som ein buffe. I år gjer vi det litt annleis, publikum tek med seg picnic-korg til eige forbruk. Det vert selt kaffi og kaker. Videoen under gjev nærare instruks.

Skilt-kopi.jpg
 

KART — VEGVISAR TIL SMÔGA

Det finst ikke mange bilplassar i sjølve Smôga. Men — vi har fått opparbeidd ein parkeringsplass nokre hundre meter før. Ved skilt 9 i denne filmen ber me alle som er gangføre om å fylgja skiltet til parkeringsplassen, setja bilen der, og gå resten. Då får de òg oppleva kunsten som er utstilt langs vegen. Dersom du har noka form for handicap eller vanskar med å bevega deg så langt, har du dispensasjon til å køyra heilt fram. Hjarteleg velkomne!

 

Vegvisar til Smôga:

1a: Frå Oslo: 
    Avstand: 12 mil — ca. 2 timar
    E18: Oslo — Ski — Askim — Ørje — svenskegrensa — Töcksfors — Årjäng.
    Like før (vest om) Årjäng sentrum — ta av til høgre på veg 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1b: Frå Stockholm:
    E18: Stockholm — Örebro — Karlstad  — Årjäng.
    Passér avkøyring til Årjäng. Ta så av til høgre og følg bru over E18 til 172 mot Bengtsfors. 
    Etter ca 6 km, ta til venstre mot Näs.

1c: Frå Bengtsfors:
    Veg 172 forbi Gustavsfors, Söpplanda, Ekeby camping, Slemtegen — til Lysed. 
    Ta til høgre mot Näs.

2: Følg deretter nedomståande kart over Näs og Smôga
    og konsertskilt som er sette opp i alle vegskilje.

 

ÅRJÄNGSKART

 

 
 
 

KART OVER NÄS

Dei nummererte felt markerer KONSERT-skilt

Smôgas posisjon:  59°20’22.7”N      12°08’01.4”E

Galleri